Samanlikning

18. august 2009

Dette skil MDG frå dei andre partia, etter partiprogramma:

-Vi vil oppretta eit berekraftdepartement som er overordna dei andre departementa.

-Samarbeide med fagrørsla om forsøk med tariffavtalar der redusert arbeidstid erstattar reallønsauke.

-Ha langt strengare regulering av finanssektoren, med sikte på eit sunnare og betre samsvar mellom real- og finansøkonomien. (Andre parti er samde i dette, men det kjem an på kva ein legg i langtstrengare reguleringar.)

-Ha ei avklaring av kva område private selskap kan verka og kor store dei kan bli.

-Avvikla arbeidsgivaravgifta.

– Avvikling av meirverdiavgifta (moms) på økologiske varer, gjenbruk, kollektivtransport og andre miljø- eller helsegunstige varer og tenester; på sikt avvikling av all meirverdiavgift. (Sp, SV og KrF vil fjerne moms på visse varer; Raudt vil fjerne moms på tenester og ”vanlege hushaldningsvarer”)

-Allmenngjera prinsippa for rettferdig handel til å gjelda alle importvarer.

– Ha nordisk sjølvforsyning med korn, potet, frilandsfrukt og -grønsaker, mjølk, kjøtt og egg, inkludert sjølvforsyning med for, gjødsel, såfrø og energi.

-Ha full omlegging til økologisk landbruk og sjøbruk, med innskjerpa reglar for husdyrhald, dyretransport og plasskrav til oppdrettsfisk.

-Sikra alle husdyrartar tilgang på eit naturleg utemiljø; forbod mot alle former for husdyrhald der dyra blir haldne fanga i små rom eller bur.

-Avvikling av dei minst selektive fiskemetodane, som t.d. havtråling; (andre parti har likevel

formuleringar som kan tolkast i same lei; nærast oss kjem Sp) vesentleg reduksjon i omfanget av fiskeoppdrett ned til eit reelt berekraftig nivå (SV er nærast oss).

-Vil at Noreg uansett global avtale set opp ein nasjonal plan for klimanøytral sjølvforsyning med all stasjonær og mobil energibruk innan 2020; at planen skal talfesta sektorvise utsleppsmål i absolutte tal på CO2-ekvivalentar. Og ENØK, i vidaste forstand, må prioriterast før nyproduksjon av rein energi.

Fjerne årsavgifta og fryse drivstoffavgifta på bil, til fordel for fleksibel vegprising som aukar med betre kollektivtilbod. (Fleire parti er for meir vegprising, utan koplinga mot kollektivtilbudet.)

-Ha ein fast årleg runde med folkerøystingar om viktige einskildspørsmål frå Stortinget og frå kvar kommune. (SV har synsmåtar som nærmar seg)

-Ha eit moratorium (pause) mot nye lovpålagde oppgåver for kommunane.

-Tora å ansvarlegggjera lokaldemokratiet meir enn i dag, sjølv om det fører til noko større skilnader mellom kommunar. (Sp kjem nok nærmast å meine det same som oss. )

– Vektleggja samfunnsløn som erstatning for sosialhjelp, trygd m.m. Samfunnsløna skal dekke grunnleggjande behov, ein sum på 3G er vårt forslag. Det gjer ei avbyråkratisering til fordel for menneskeverdet. Og opnar for virke i frivillige organisasjoner, livssynssamfunn, nabohjelpssentraler, kreativ/kunstnar-aktivitet, omsorgarbeid i familien m.m. Vi trur det blir eit godt samfunn av sånt.

-Vi vektleggjer sterkt meir bruk av direkte demokrati/folkeavstemmingar. Sånn unngår ein at økonomiske interessar, konsulentfirma, lobbyverksemd og inhabilitet/korrupsjon får makta framfor folkefleirtalet. Det ligg ei tru til folket og eit von om danning i trua på direkte demokrati. Det ligg ei evig mistru til «den andre» i ikkje å velje direkte demokrati.

Til slutt, MDG:

Den einaste farbare vegen er både å stabilisera folketalet, redusera forbruket og betra teknologien.

Dei andre partia:

Vil berre betre teknologien, altså eit einsidig økonomisk vekst-fokus. Og det går ikkje i lengda.

Miljøpartiet Dei Grøne i Telemark ved Endre Løwe