Fotocredit:

Debattinnlegg: Jordvern og trygg matforsyning

Jon Ingebretsen fra MDG Kviteseid og Telemark skriver i Telemarksavisa 8. august: Behovet for mat er venta å auke med 14 prosent i kvart tiår. Produksjonen av mat er venta å auke med bare to prosent vesentleg på grunn av klimaendringane.

8. august 2018

Derfor er jordvern viktig fordi me må ta vare på all matjorda for å kunne mette dagens og komande generasjonar. Vern av matjorda er såleis nødvendig på grunn av eigen tilgang på mat og fordi me har eit etisk ansvar for å hjelpe til med matforsyninga i verda rundt oss. Grunnlaget for matproduksjonen er matjorda og areala, og gardane må vera tilpassa slik Norge ser ut. Variert bruksstruktur med mindre, mellomstore og nokre relativt større bruk gjev betre tilpassing og utnytting av jorda, både på små teigar som kan vera attgroingstruga og på dei større og meir lettdrivne areala. Det har me fått bevis for denne tørkesommaren spesielt på Sør- og Austlandet. Bare tre prosent av landarealet i Norge er matjord og ikkje serleg mykje meir er dyrkbart. I Danmark er omlag seksti prosent av arealet dyrkbar mark. Desse tre prosentane i Norge utgjer ca 10 millionar dekar. Matjord har blitt omdisponert sidan 1950 i ein storleik tilsvarande 1 million bustadtomter. Både sentrale styresmakter og kommunane må ha ein nullvisjon når det gjeld nedbygging av matjord, men ikkje bare ein visjon, men som ei konkret politisk målsetjing.

Nedbygd jord er nemleg tapt for alltid, med eit lite unntak når det gjeld golfbaneareal. Minst det dobbelte må nydyrkast når matjord blir tatt til andre føremål. God matjord kan ikkje bli fullverdig erstatta. Ein fjerdedel av den beste matjorda i dei 30 største bykommunane er nedbygd. Bustad og anlegg for samferdsel står for omlag to tredeler av samla omdisponering. Jordvern handlar om haldningar til nasjonale og internasjonale ressursar og stor grad av politisk ressursforståing, vilje og handlekraft på lokalt og sentralt nivå. Matjord er ein knapp og viktig ressurs som ikkje kan fornyast. Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord er såleis ireversible prosessar, og grensar til kulturvandalisme i respektløyse ovanfor grenerasjonane før oss, og ansvarsløyse i høve til dei som kjem etter oss.