Kviteseid MDG 2019-2023

- Miljløpartiet Dei Grøne arbeider for eit samfunn i balanse, medmenneskeleg og økologisk, der me lever gode liv utan å øydelegge for andre.

VERDIANE VÅRE

Me menneske står ved eit vegskilje. Den rådande oppfatninga av livskvalitet og velstand kviler på føresetnader om auka produksjon, meir økonomisk vekst og utarming av ressursane våre. Ved å støtta MDG tek du eit vegval som representerer eit oppgjer med dette.

Klimaendringane og tap av natur og biologisk mangfald er erkjent som dei store trugsmåla i vår tid. FN har ma. sett som mål at den globale oppvarminga ikkje skal verta meir enn 1,5 grader. MDG arbeider for at norske kommunar skal vera ei tydeleg drivkraft for tiltak som gjer dette mogeleg.

MDG ynskjer eit Noreg der redsle for ikkje å prestere og ta seg godt nok ut ikkje skal definera livskvaliteten til dei unge. Me vil verne om verdiane livskvalitet og fellesskap, og ha sterke lokalsamfunn der tid til vener og familie, nærkontakt med matproduksjon og forbruk av kultur- og naturopplevingar vert opplevd som rikare enn materielt forbruk og eit liv i sosiale media. Miljøvenlege val skal vera det enklaste og det naturlege.

 

VEST-TELEMARK: ÉIN REGION, EIN VEG VIDERE

Rådande nasjonal politikk har framleis den store kommunen som mål. Frå 2020 er me del av eit nytt storfylke, Vestfold og Telemark. Faren for ytterlegare marginalisering, både nasjonalt og i fylkessamanheng, er overhengande. Vår evne til å stå saman for felles interesser er avgjerande for å stå mot dette. Og det er trass i alt meir som bind oss saman enn det som skil.

Kommunesamanslåing strir mot grunnleggande MDG-mål som å unngå sentralisering og sterke, levande bygder, men med lokalt eigarskap til prosessen vert lokaldemokratiet teke vare på og styrka. MDG ynskjer å auke kommunane sitt økonomiske handlingsrom og arbeide for overføring av makt frå stat til kommune.

MDG i Kviteseid meiner at kommunen vår, på lengre sikt, vil ha større føremoner enn ulemper ved å vera ein del av ei større eining, og vil difor ynskja debatten om kommunesamanslåing velkomen når han kjem att.

Fram til då vil me utvikla det interkommunale samarbeidet vidare, med særleg vekt på:

  • Ei interkommunal teneste for planarbeid innan klima- og miljøtiltak og berekraftig næringsutvikling og arealutnytting. Nasjonale prioriteringar vil utløysa omfattande krav og store økonomiske midlar som vil utfordra det kommunale planverket. Einskildkommunen vil streva med å tiltrekkja seg naudsynt kompetanse og økonomiske ressursar.
  • Å utvikle Vest-Telemark kraftlag til å bli ein pådrivar innan det grøne skiftet i regionen ved å legga til rette for produksjon av grøn energi på bustadeigedomar, gardsbruk og andre bygningar/eigedomar.
  • Me vil utvikle Renovest IKS som regional kompetanseverksemd innan ombruk og attvinning frå det som folk, næringsliv og landbruk let etter seg. Ein sirkulær økonomi er i balanse med ressursane på jorda, og er grunnleggande for MDG. Me må sjå avfall som ein ressurs, ikkje eit problem. Den sirkulære økonomien legg vekt på ombruk og attvinning framfor forbruk og utvinning.
  • Eit engasjement for vern av sårbar natur i heile regionen

DEI GRØNE I KVITESEID VIL

  • Arbeida for at omsynet til klima og miljø skal verta retningsgjevande for alle kommunale vedtak, forankra i forpliktande mål og tiltak i klima- og miljøplanen.
  • At det skal utarbeidast eit klimarekneskap for Kviteseid kommune som grunnlag for prioritering av kommunen sine tiltak mot klimaendringane
  • Arbeida for at naturen som ressurs og eigenverdi vert teken vare på og brukt etter berekraftige prinsipp
  • Arbeida for etablering av leirskule med eit pedagogisk innhald med vekt å utvikla forståing for naturmangfald og økosystem og korleis me best tek vare på det
  • Vere pådrivar for nytt prosjekt for heilårsbusetjing på fråflytte bustader og gardsbruk i kommunen, med vekt på at landbrukseigedomar er eit viktig verkemiddel for å gje liv til bygdene
  • Vera pådrivar for auka lokal matproduksjon. Kommunen kan stimulera ved å prioritera innkjøp av lokalprodusert mat til institusjonar, og bidra med kompetanse og praktisk tilrettelegging for produksjon og distribusjon
  • Utvikla arenaer for sal av lokal mat
  • Ha nulltolleranse for nedbygging av matjord
  • Etablere kommunal støtteordning for bønder som ynskjer å etablere solcelleanlegg eller annan grøn energi.
  • Ha solcellanelegg på alle kommunale tak.
  • At alle kommunale grøntareal skal tilsåast med blomeeng.
  • Styrka turisme som næringsveg, med særleg vekt på berekraft og lokale naturverdiar
  • Trygga og utvikla kunnskapsbedrifter i kommunen
  • Prioritera dei mjuke trafikantane ved å bygga gang- og sykkelvegar og turvegar.
  • Elles ha ein samferdslepolitikk som tek inn over seg særpreget ved regionen; store avstandar

    – Kollektivtrafikk kan knappast verta eit fullvedig alternativ

    – Elbil som realistisk alternativ krev utbygging av mange nye ladepunkt

    – Prioritering av god standard på eksisterande vegnett framfor nye vegar er god distrikts- og miljøpolitikk

  • At alle i Kviteseid må få høve til å knyta seg til fibernett i løpet av valperioden.
  • Sikre eit kvalitetsmessig, trygt og godt helse- og omsorgstilbod.
  • Vurdera seniorkollektiv for å utfylla/styrka dei kommunale heimetenestene.
  • Arbeida for å trygga eksisterande barnehage- og skulestruktur ved å legga til rette for auka busetjing i grendene.
  • At det blir arbeida med å få til eit triveleg og funksjonelt uteområde ved Kviteseid skule.
  • At skulen i Kviteseid skal gå føre i arbeidet mot dei verdiar som grunnlaust reduserer livskvaliteten til born og unge.
  • Prioritera kulturarbeid og andre aktivitetar for born og unge.
  • Styrkja det kommunale samarbeidet med friviljuge natur- og friluftsorganisasjonar